Presseskriv

STEINAR ENGELBREKTSON BAND 

Bandet med den ekte spelegleden.

Steinar Engelbrektson Band har base i vakre Nordfjord. Medlemmane i bandet kjem frå nordvestlandet. Det som kjenneteikne SEB er spelegleden dei leverer frå scena.  Mange er blitt glad i dette bandet som leverer Dansbar Country til sitt publikum. Låter som «På grunn av bagateller», «Ikkje gje opp håpet» og «Heim til Nordfjord» er låter som skaper stemning og allsang der SEB spelar opp til dans.

Steinar Engelbrektson Band er straks klar med 12 nye låter som kjem ut på plate før jul. To av låtene er allerede ute.  «Blue eyes grying in the rain» og You never be sorry». Dette er glimrande duetter synge av Steinar Engelbrektson og Sissel Lunde Sundby. Meir av same sorten blir å finne på denne nye plata som blir den tiande plata frå dette bandet.

Steinar Engelbrektson Band består av:
Steinar Engelbrektson Vokal/trekkspel
Sissel Lunde Sundby Vokal/tangenter
Tor Ove Sjåstad Trommer
Dan Mikal Ripe Frøystad Steelgitar                                                                                                          Even Solheim Gitarer                                                                                                                              Oddmar Varpe Teknisk leder