10 juni. Sommaren står for døra.

Denne helga hadde vi to flotte spelejobber. På laurdag var vi på vitjing på Ikornes. Eit flott ver gjorde til at alt klaffa denne kvelden. I underkant av 500 pers. kom for å danse å treffe sambygdingar. Kjekk kveld med god oppvertninga av sjefen sjølv.

På søndag gjekk turen til Skei i Jølster og til Fjøsen Dansefestival. Her var det god stemning allereie på ettermiddagskonserten i regi av Odd Arne Sørensen. Utover kvelden vart det trangare og trangare på dansegolvet. Siste sett vi hadde mellom 01 og 02 måtte vaktene stoppe folk som ville inn. Då var det heilt fullt. I overkant av 2000 danseglade og ny rekord. Vi takker vårt publikum og gode arrangører for ei fantastisk helg og ser fram til å kunne reise rundt å underhalde denne sommaren som står for døra.

Til helga reiser eg og Sissel med mannskap til Austefjorden og Paddedans. Sjå info på turnelista vår. Velkomne.