Påskehelga i Høyanger

Påska er på hell og min countryduo har tilbrakt påskehelga i Høyanger der vi spelte på Nobel fredag og saman med Muri og Pesen på samfunnshuset på laurdag. I Høyanger kan dei å lage til fest og vi sender ein takk til arrangørane både fredag og laurdag for flott gjennomførte arrangement. Vi kjem gjerne tilbake til Høyanger. Til helga er det speling på Alexandra i høve landsmøte i senterpartiet. Eg har erfaring frå tidligare at det er danseglade folk i dette partiet. Det blir kjekt.