Forfattar: admin

8. oktober: Ferdig i studio!

Eg var innom og såg at det var lite oppdateringer her. Kan kome med litt nytt no. Eg fekk plata ferdig frå studio i går kveld og er svært godt fornøgde. Plata inneheld låter som spenner seg frå coutryballader til ultra-danseband. Eg har for fyrste gong kunne tatt fullstendig styring på innholdet og låtvalet på […]

I studio i Florø!

Eg er i studio i Florø for tida. No er alle låtane til neste plate bestemt og det tekner til å bli ei variert og god plate. Denne gongen satser eg på 11 vanlege dansbare låter og ein instrumental-låt. Det meste er sjølvkomponert, men eg har og med eit par coverlåter. Ser ut til at […]

17. august: Tysnes

Vi kom til Tysnes og vart møtt av smilande blide arrangører som var klar til å ta i eit tak. Bubilane kom på rekke og rad og plassen vart oppfylt av neste 100 biler før kl. 20. Fullt trøkk og allsang med Bris på scena før klokka var 21. Takk til publikum og arr, og […]

10. august: Måløy

Søndag igjen og arrangementet i Måløy var ein suksess. Godt med berehjelp, flott backstages, mange danseglade og god overnatting for å oppsummere fort og gale. Det må nemnast at oppvartninga var den beste nokon sinne, med reke, fiskegryte og laks m/tilbehør. Takk til arrangørane som gjorde ein kjempejobb for oss.

2.-3. august: Kalvåg

Arrangørane var heldige med veret i Kalvåg. Med finver både fredag og laurdags kveld kom det over 3000 for å oppleve Kurt Nilsen, DDE og Steinar Engelbrektson m/Band. Vi storkosa på scena begge dagane og publikum var i kjempeslag. Takk til arrangør, publikum og ikkje minst Kurt Nilsen og DDE for ei flott helg i […]

Dansefestivalen i Sel

Sidan sist har vi besøkt Dansefestivalen i Sel. Det vart ei fantastisk helg med mykje moro. Gjengen i bandet gjorde ein flott jobb og tilbakemeldingane frå publikum er flotte. I mail frå Sjefen sjølv, Øystein Ulen er vi velkomne tilbake til Sel neste år. Vi takker for det og gler oss allerede til neste sommar. […]

6. juli: Seljordfestivalen

Søndag 7 juli. Kom heim  i går etter ei lang reise frå Seljorfestivalen. Vi kom ned på torsdag og spelte på låven og kafescena den kvelden. Fredag på dagtid var vi på Bjørgenuten og hadde friluftskonsert. Over 200 oppmøtte hadde gått i over eit time for å vere med på denne konserten. Heilt utrulig bra. […]

15. juni: Dansefestival på Sande, Sunnfjord

Denne helga var det Dansefestival på Sande i Sunnfjord. Fredag var det Vassendgutane som stod for showet. Laurdag spelte vi saman med Kathe Sunde Band. Flott ver gjorde at folk kom litt ut på kvelden. Då stimla dei til og det vart fullt på dansegolvet siste timen vi spelte. Kathe avslutta kvelden med stil og […]

1. juni: Rosenlund, Sandsøy

Heime etter tur til Sandsøy på Sunnmøre. Sjølv med mykje nedbør kom det mange båter til kaia ved den populære utestaden Rosenlund. Saman med Sissel spelte vi opp til dans og hadde fullt dansegolv frå start til slutt. Takk til arrangør og publikum for ein fin dansekveld. Neste speleoppdrag blir på Sande Dansefestival. Då stiller […]

18. mai: Skei i Jølster

Vi trenger ikkje reise so langt for å oppleve eit fantastisk publikum.  I går 18 mai var vi til Skei i Jølster å spelte opp til dans for nermare 1800 personer. Saman med Rune Rudberg Band laga vi kjempe stemning. Allsang på Rune sine låter «Ut mot havet» og «Kjærlighet gjør blind» og vår eigen […]

8.-9. mai: Gol Campingsenter

No er eg heime att etter to fantastiske dager på Gol Campingsenter. Vi spelte på onsdag i storteltet saman med Anne Nørdsti. Kjekt å synge duett med Anne. Torsdag var det tidlig opp og flytte anlegg til kyrkja der vi skulle ha konsertstart kl. 13.30. 200 personer tok i mot oss då vi entra podiet. Dei […]

20. april: Olivin-hallen på Åheim

Laurdag spelte vi i Olivin-hallen på Åheim. Vi visste før jobben at dette vart ein stor kveld. At det skulle bli utsolgt kl. 21 på kvelden hadde vi ikkje trudd. Vi i saman med Lasse Stefanz serverte god dansemusikk frå kl. 20 til 02. I går og i dag har eg fått fantastiske tilbakemeldingar frå […]

Neste helg: øving og feiring

No nermar det seg helg att og denne skal vi bruke til øving og feiring. Trommis Tor Ove har runda dei magiske 40, og festen går av stabelen i Askvoll. Mange tidligare spelekompisar kjem og opplegget blir jam-sesson ut i dei små timer. Laurdag 20 april er eg klar med mitt band i Olivin-hallen der […]