Forfattar: admin

Påskehelga i Høyanger

Påska er på hell og min countryduo har tilbrakt påskehelga i Høyanger der vi spelte på Nobel fredag og saman med Muri og Pesen på samfunnshuset på laurdag. I Høyanger kan dei å lage til fest og vi sender ein takk til arrangørane både fredag og laurdag for flott gjennomførte arrangement. Vi kjem gjerne tilbake til Høyanger. Til helga er det speling på Alexandra i […]

Sidan sist: Gloppen, Florø

Lenge sida sist no. Sidan forrige gong har eg vore ute både med bandet og åleine. Eventjobber både i Gloppen og i Florø. No ligg påska framføre oss noko som skal bli kjekt. På grunn av avlysning av jobb i morgen blir det meir tid til familie og venner.  Neste jobb er  Høyanger og Nobel […]

Nordbygda samfunnshus i Masfjorden 23.februar

Denne helga gjekk turen til Masfjorden, ei kommune heilt på grensa til Sogn og Fjordane. Vi fann fram til huset etter ein tur på ferjekaia og litt rundt omkring. Flinke arrangører hadde brukt dagen til å lage i stand ei fantastisk betasuppe. Denne gjekk ned på høgkant saman med god drikke. Over 200 festglade gjorde at […]

Utsikten Hotell, Kvinesdal 16 febr

Langt var det å reise, men når ein blir møtt av eit entusiastisk publikum blir 11 timer i bil fort gløymt. Gjekk på scena kl. 24 etter at Bjørn Wikøren hadde satt salen i god countrystemning. Mange cowboys and cowgirls hadde kledd seg fram og var med å laga ein skikkelig countryfest i kvinesdal denne […]

Rica Parken Hotell 2 febr

Har hatt ein fantastisk spelejobb saman med Ole-Ivars 2 febr. på rice Parken hotell i Ålesund. Stappfullt på dansegolvet frå starten kl. 2145 til vi gjekk av scena kl. 0245. Takk til alle som møtte opp og laga god stemning denne laurdagskvelden. Her er ein stemningsvideo frå denne kvelden.

Alexandra, Loen 25 og 26 januar

Er komen heim etter ei flott helg på Alexandra i Loen. Eit fullt dansegolv både fredag og laurdag som er ei glede for oss som står på scena. Neste jobb no er Rica Parken i Ålesund fyrstkomande laurdag den 2 februar. Kom å sving dokke til toner frå Steinar Engelbrektson m/band og Ole Ivars.