Nordbygda samfunnshus i Masfjorden 23.februar

Denne helga gjekk turen til Masfjorden, ei kommune heilt på grensa til Sogn og Fjordane. Vi fann fram til huset etter ein tur på ferjekaia og litt rundt omkring. Flinke arrangører hadde brukt dagen til å lage i stand ei fantastisk betasuppe. Denne gjekk ned på høgkant saman med god drikke. Over 200 festglade gjorde at jobben som spelemann vart enkel. Med fullt dansegolv frå fyrste tone til kl. 01.30 var kvelden å rekne som ein suksess. Takk til oppmøtte både gamal og ung. Dette er det vi kaller ein skikkelig bygdafest. Eg kjem tilbake ved seinare høve.