Langt var det å reise, men når ein blir møtt av eit entusiastisk publikum blir 11 timer i bil fort gløymt. Gjekk på scena kl. 24 etter at Bjørn Wikøren hadde satt salen i god countrystemning. Mange cowboys and cowgirls hadde kledd seg fram og var med å laga ein skikkelig countryfest i kvinesdal denne laurdagskvelden. Takk til arrangør og vertskap og ikkje minst til eit flott publikum som kom på Utsikten hotell denne helga.