28 oktober: Like før eg får plata på lager

No er det like før eg får plata på lager og eg gler meg. Sist helg hadde vi plateslepp i Førde utan å ha med plate. Det var litt nedtur, men dei som ventar på noko godt ventar ikkje forgjeves. Til helga skal eg og Sissel spele opp til dans på Åheim. Håper å ha med nyeplata då. Ha ein fin haust alle saman.

8. oktober: Ferdig i studio!

Eg var innom og såg at det var lite oppdateringer her. Kan kome med litt nytt no. Eg fekk plata ferdig frå studio i går kveld og er svært godt fornøgde. Plata inneheld låter som spenner seg frå coutryballader til ultra-danseband. Eg har for fyrste gong kunne tatt fullstendig styring på innholdet og låtvalet på plata. Dette har vore ein kjekk og spanande prosess. Å jobbe saman med Eirik Husabø har vore veldig kjekt. No gjenstår det å få ferdig coveret og få alt i trykken. Eg gler meg å få presentere denne plata til det norske folk.

I studio i Florø!

Eg er i studio i Florø for tida. No er alle låtane til neste plate bestemt og det tekner til å bli ei variert og god plate. Denne gongen satser eg på 11 vanlege dansbare låter og ein instrumental-låt. Det meste er sjølvkomponert, men eg har og med eit par coverlåter. Ser ut til at det blir plateslepp før jul. Meir info kjem etter kvart.

17. august: Tysnes

Vi kom til Tysnes og vart møtt av smilande blide arrangører som var klar til å ta i eit tak. Bubilane kom på rekke og rad og plassen vart oppfylt av neste 100 biler før kl. 20. Fullt trøkk og allsang med Bris på scena før klokka var 21. Takk til publikum og arr, og ikkje minst dansebandet Bris. Fin gjeng å bli kjent med.

10. august: Måløy

Søndag igjen og arrangementet i Måløy var ein suksess. Godt med berehjelp, flott backstages, mange danseglade og god overnatting for å oppsummere fort og gale. Det må nemnast at oppvartninga var den beste nokon sinne, med reke, fiskegryte og laks m/tilbehør. Takk til arrangørane som gjorde ein kjempejobb for oss.

2.-3. august: Kalvåg

Arrangørane var heldige med veret i Kalvåg. Med finver både fredag og laurdags kveld kom det over 3000 for å oppleve Kurt Nilsen, DDE og Steinar Engelbrektson m/Band. Vi storkosa på scena begge dagane og publikum var i kjempeslag. Takk til arrangør, publikum og ikkje minst Kurt Nilsen og DDE for ei flott helg i Kalvåg. Sjåast i Måløy neste laurdag 10 august.

Dansefestivalen i Sel

Sidan sist har vi besøkt Dansefestivalen i Sel. Det vart ei fantastisk helg med mykje moro. Gjengen i bandet gjorde ein flott jobb og tilbakemeldingane frå publikum er flotte. I mail frå Sjefen sjølv, Øystein Ulen er vi velkomne tilbake til Sel neste år. Vi takker for det og gler oss allerede til neste sommar. No er det ferie.

6. juli: Seljordfestivalen

Søndag 7 juli. Kom heim  i går etter ei lang reise frå Seljorfestivalen. Vi kom ned på torsdag og spelte på låven og kafescena den kvelden. Fredag på dagtid var vi på Bjørgenuten og hadde friluftskonsert. Over 200 oppmøtte hadde gått i over eit time for å vere med på denne konserten. Heilt utrulig bra. Fredagkvelden spelte vi fyrst på kafescena og deretter på hovudscena. Stor oppleving for alle oss i bandet. Vi har møtt eit fantastisk publikum som kan alle sangane våre og allsang frå fyrste til siste låt i alle sett. Tusen takk til Seljorfestivalen sine slitarar og til eit fantastisk publikum som gjorde turen til Telemark til ei minnerik oppleving. Sjåast på Dansefestivalen.no på Sel fyrstkomande fredag. Då startar vi opp på hovudscena fredags kveld.

15. juni: Dansefestival på Sande, Sunnfjord

Denne helga var det Dansefestival på Sande i Sunnfjord. Fredag var det Vassendgutane som stod for showet. Laurdag spelte vi saman med Kathe Sunde Band. Flott ver gjorde at folk kom litt ut på kvelden. Då stimla dei til og det vart fullt på dansegolvet siste timen vi spelte. Kathe avslutta kvelden med stil og det vart ein kjekk kveld med eit flott publikum og flinke arrangører. Neste speleoppdrag er det eg og Sissel som skal ha på Svelgen hotell den 29 juni.

1. juni: Rosenlund, Sandsøy

Heime etter tur til Sandsøy på Sunnmøre. Sjølv med mykje nedbør kom det mange båter til kaia ved den populære utestaden Rosenlund. Saman med Sissel spelte vi opp til dans og hadde fullt dansegolv frå start til slutt. Takk til arrangør og publikum for ein fin dansekveld. Neste speleoppdrag blir på Sande Dansefestival. Då stiller vi sterkt med heile bandet. Vi sjåast då.

18. mai: Skei i Jølster

Vi trenger ikkje reise so langt for å oppleve eit fantastisk publikum.  I går 18 mai var vi til Skei i Jølster å spelte opp til dans for nermare 1800 personer. Saman med Rune Rudberg Band laga vi kjempe stemning. Allsang på Rune sine låter «Ut mot havet» og «Kjærlighet gjør blind» og vår eigen «Bagateller» gjorde denne kvelden til ein kjempekveld for oss spelemenn. På slutten av vårt sett fekk vi besøk opp på scena av Odd Arne Sørensen. Han har ein slik publikums-tekke at det er heilt vilt. Stemninga stod i taket på låten «I mitt barndoms paradis». Takk for det besøket. No er det berre å lade opp til neste helg då vi reiser til Lindås der vi skal ha kyrkje konsert i Austrheim Kyrkje på Fredag og countrydans på Westland hotell på laurdag. Ha  ei fin veke folkens.

8.-9. mai: Gol Campingsenter

No er eg heime att etter to fantastiske dager på Gol Campingsenter. Vi spelte på onsdag i storteltet saman med Anne Nørdsti. Kjekt å synge duett med Anne. Torsdag var det tidlig opp og flytte anlegg til kyrkja der vi skulle ha konsertstart kl. 13.30. 200 personer tok i mot oss då vi entra podiet. Dei var i kjempe stemning noko som smitta over på oss. Takk til alle dokke. Då denne konserten var over var det å få på plass alt utstyret tilbake i storteltet att der Contrazt var klar på vår høgre hand. Denne kvelden vart fantastisk med over 800 på dansegolvet. Kl. 5 i dag tidlig var vi ferdig med nedrigg, og  kunne finne hotellrommet. Takk til Gol Campingsenter v/Magne Hoftun og alle dokke andre som står på for oss artistar og publikum. Lykke til med resten av helga på Gol.

20. april: Olivin-hallen på Åheim

Laurdag spelte vi i Olivin-hallen på Åheim. Vi visste før jobben at dette vart ein stor kveld. At det skulle bli utsolgt kl. 21 på kvelden hadde vi ikkje trudd. Vi i saman med Lasse Stefanz serverte god dansemusikk frå kl. 20 til 02. I går og i dag har eg fått fantastiske tilbakemeldingar frå arrangør og dei som var der for å danse. Eg er stolt av kva eg har fått til med tanke på full utskifting av medlemmane i bandet i november i fjor. Stor takk til Tor Ove, Sissel, Dagfinn, Oddmar, Olav og Lars Egil som gjorde ein kanonjobb saman med meg på scena. Framover no står go-jobbane i kø, samt starten på innspeling av neste plate.

Neste helg: øving og feiring

No nermar det seg helg att og denne skal vi bruke til øving og feiring. Trommis Tor Ove har runda dei magiske 40, og festen går av stabelen i Askvoll. Mange tidligare spelekompisar kjem og opplegget blir jam-sesson ut i dei små timer. Laurdag 20 april er eg klar med mitt band i Olivin-hallen der vi skal dra i gong med dansegalla saman med Lasse Stefanz. Vi sjåast.