Julegåvetips finn du i butikken vår.

Til alle som slit med å finne gåver til f.eks utflytta nordfjordingar eller gamle tanter som har alt. I butikken vår finn du godt utval av cdèr, t-skjorter og dei populære «Heim til Nordfjord» jakkene. Sjå innom og finn julegåver du ikkje finn nokon annan stad.

Nytt i butikken!

No framover blir det mykje nytt å finne i butikken på denne sida. Vi starter med fleecejakker og nye T-skjorter. Om litt blir det nye capser og cowboyhatter samt stringttruser og boxershortser. Ha ein god haust.

Ekte svart tskjorte

Booking av Steinar til neste år.

Har du tanker om å arrangere dansefest med oss til neste år so er anbefalinga å ta kontakt med www.engman.no for ein uforplikta musikkprat. Mange helger neste år er allerede lova vekk og kontraktene blir skrevne fortløpande. Vi er glade for at vi har muligheten å reise rundt heile året frå nord til sør og treffe danseglade folk i alle alderer. God helg frå oss.

9 august. Ferien er over for denne gong

Med fyrste jobb etter ferien utført kjennes det godt å vere i gong med haustsesongen. Vi er på Gol Camping og skal spele opp til dans på norges-treffet av ford-entusiaste. Gol er full av Ford M denne helga. God stemning i teltet i går og betre skal det bli i kveld. Denne hausten blir spanande med mange ulike oppdrag, alt frå underhaldning, dans til kyrkjekonsertar. Både bandet og duokonseptet får lufta seg bra denne hausten. Sjåast ei helg tenkjer eg. 

10 juni. Sommaren står for døra.

Denne helga hadde vi to flotte spelejobber. På laurdag var vi på vitjing på Ikornes. Eit flott ver gjorde til at alt klaffa denne kvelden. I underkant av 500 pers. kom for å danse å treffe sambygdingar. Kjekk kveld med god oppvertninga av sjefen sjølv.

På søndag gjekk turen til Skei i Jølster og til Fjøsen Dansefestival. Her var det god stemning allereie på ettermiddagskonserten i regi av Odd Arne Sørensen. Utover kvelden vart det trangare og trangare på dansegolvet. Siste sett vi hadde mellom 01 og 02 måtte vaktene stoppe folk som ville inn. Då var det heilt fullt. I overkant av 2000 danseglade og ny rekord. Vi takker vårt publikum og gode arrangører for ei fantastisk helg og ser fram til å kunne reise rundt å underhalde denne sommaren som står for døra.

Til helga reiser eg og Sissel med mannskap til Austefjorden og Paddedans. Sjå info på turnelista vår. Velkomne.

Gullsko og hatt!

Med gullsko og hatt reiser eg på spelejobb kvar helg framover. Dette for å feire at vi er komen i finalen som årets danseband. Ikkje nok med det so har vi og kome i finalen med låten «Heim til Nordfjord» som årets danselåt. I dette høve lagar vi sjokkpriser på cdèn «Terningen er kasta». Sjekk ut butikken og bestill. Dette tilbodet gjeld kun fram til fredag 9 mai.

3 april. Ny video. «Heim til Nordfjord» er klar.

Vi har lagt bak oss ei flott helg med spelejobb på Skjærbuda, Silda. Vi hadde med filmutstyr og fekk filma nok til å lage ferdig videoen som mange har venta på «Heim til Nordfjord». Med god hjelp av vår herre som styrte veret og fantastisk natur var det ikkje vanskeleg å finne motiv nok.

 

19 mars. Stor pågang av speleoppdrag både som band og artist.

Denne våren ser ut til å bli den mest hektiske for meg på mange år. Det er ikkje mange helgane att som står ledige, noko som svært gledelig. Mange av mine kollegar klager på mindre spelejobbar enn før og det er nok realiteten for mange av oss. Sjølv er eg fornøgd at vi fortsatt er aktuelle og at arrangører over det ganske land tek kontakt med oss for speleoppdrag. Gå til turnesplanen vår å sjå om vi spelar ein stad nær deg. Helsing Steinar

27 februar. Fruktbart samarbeid med Ole Ivars

Etter den siste jobben vi hadde saman med Ole Ivars i Ålesund tidligare i år er det mange arrangører som skjønt at desse to banda er genialt å kombinere. SEB og Ole Ivars er svært ulike med ulikt repertoar og besetning. Likevel er det mange som ser ein likhet når det gjeld speleglede og nærhet til publikum. Dette er både Ole Ivars og SEB sine sterke sider. Responsen frå publikum er fantastisk. Vi ynskjer fleire arrangører velkomne til å lage dansegalla med denne kombinasjonen.

9 februar: Satser meir på Kyrkjekonsertar.

Etter fleire vellykka kyrkjekonsertar tek Steinar sikte på å arrangere kyrkjekonsertar over heile nordvestlandet.

konseptet er enkelt med god musikalsk underhaldning og gode replikkar mellom låtane. Publikum som har vore på desse konsertane har gitt gode tilbakemeldingar. Mulig vi dukker opp i ei kyrkje nær deg i løpet av året.

13 november: Nettbutikken opna i dag.

Etter mange timer med jobbing er no nettbutikken på denne sida oppe å går. Har kan du bestille cd og krus. Via Pay Pal betaler du med kort. Vi mottek din bestilling og sender ut. No framover er det mulig å få personleg helsing i cdèn. Skriv det i kommentarfeltet so ordner vi det.Det vil kome fleire varer i butikken etterkvart. Er det nokon varer du sakner so kontakt oss på engelbrektson@me.com