Påskehelga i Høyanger

Påska er på hell og min countryduo har tilbrakt påskehelga i Høyanger der vi spelte på Nobel fredag og saman med Muri og Pesen på samfunnshuset på laurdag. I Høyanger kan dei å lage til fest og vi sender ein takk til arrangørane både fredag og laurdag for flott gjennomførte arrangement. Vi kjem gjerne tilbake til Høyanger. Til helga er det speling på Alexandra i høve landsmøte i senterpartiet. Eg har erfaring frå tidligare at det er danseglade folk i dette partiet. Det blir kjekt. 

Sidan sist: Gloppen, Florø

Lenge sida sist no. Sidan forrige gong har eg vore ute både med bandet og åleine. Eventjobber både i Gloppen og i Florø. No ligg påska framføre oss noko som skal bli kjekt. På grunn av avlysning av jobb i morgen blir det meir tid til familie og venner.  Neste jobb er  Høyanger og Nobel Pizza på langfredag. Då blir det fest. Ellers er alle velkomne til Åheim og Olivinhallen 20 april. Der stiller eg med band og spelar opp i lag med Lasse Stefanz. God påske til dokke alle.

Nordbygda samfunnshus i Masfjorden 23.februar

Denne helga gjekk turen til Masfjorden, ei kommune heilt på grensa til Sogn og Fjordane. Vi fann fram til huset etter ein tur på ferjekaia og litt rundt omkring. Flinke arrangører hadde brukt dagen til å lage i stand ei fantastisk betasuppe. Denne gjekk ned på høgkant saman med god drikke. Over 200 festglade gjorde at jobben som spelemann vart enkel. Med fullt dansegolv frå fyrste tone til kl. 01.30 var kvelden å rekne som ein suksess. Takk til oppmøtte både gamal og ung. Dette er det vi kaller ein skikkelig bygdafest. Eg kjem tilbake ved seinare høve.

Utsikten Hotell, Kvinesdal 16 febr

Langt var det å reise, men når ein blir møtt av eit entusiastisk publikum blir 11 timer i bil fort gløymt. Gjekk på scena kl. 24 etter at Bjørn Wikøren hadde satt salen i god countrystemning. Mange cowboys and cowgirls hadde kledd seg fram og var med å laga ein skikkelig countryfest i kvinesdal denne laurdagskvelden. Takk til arrangør og vertskap og ikkje minst til eit flott publikum som kom på Utsikten hotell denne helga.

Rica Parken Hotell 2 febr

Har hatt ein fantastisk spelejobb saman med Ole-Ivars 2 febr. på rice Parken hotell i Ålesund. Stappfullt på dansegolvet frå starten kl. 2145 til vi gjekk av scena kl. 0245. Takk til alle som møtte opp og laga god stemning denne laurdagskvelden.

Her er ein stemningsvideo frå denne kvelden.

Alexandra, Loen 25 og 26 januar

Er komen heim etter ei flott helg på Alexandra i Loen. Eit fullt dansegolv både fredag og laurdag som er ei glede for oss som står på scena. Neste jobb no er Rica Parken i Ålesund fyrstkomande laurdag den 2 februar. Kom å sving dokke til toner frå Steinar Engelbrektson m/band og Ole Ivars.

Lars Egil Vågseter ein del av teamet til Steinar Engelbrektson!

LARS EGIL VÅGSETER EIN DEL AV TEAMET TIL STEINAR ENGELBREKTSON!

Lars Egil Vågseter blir med i bandet til Steinar Engelbrektson. For alle som er glad i steelgitar er det no klart at Lars Egil blir å finne saman med Steinar Engelbrektson framover. Fram til nyttår var Lars Egil med i Vassendgutane. Lars Egil er ein av dei beste i landet på sitt intrument, og han gler seg til å vere med i teamet til Steinar Engelbrektson i 2013. Lars Egil har frå før vore med på 4 av platene til Steinar Engelbrektson Band. Fyrste jobb du møter Lars Egil «in action» blir på Alexandra  Loen 25 og 26 januar.